24. juni – kan du ønske deg noe mer

Sommarønske

Jorda har snurra sitt løkkehjul,
gjett oss en sommar i gave.
Smørblomsterenga står St. Hans-gul,
sola går døgnvill og finn ikkje skjul:

Ja, la meg få bli i sommarn’,
eie kvert døgn den kan gje,
glømme ei stund det som etter kjem,
eg ber ‘kje om anna enn det.

 

Ønska meg ofte når gauken gol
og song sine lettvinte vise,
slåttekjærest og midnattssol,
aldri eg bad førr St. Peters stol:

La meg få bli i sommarn’,
leve kvert kostbart minutt,
kanskje kjem ingenting etter den,
så gje at han aldri tok slutt.

 

Gagnlause ønska e skreft i sand,
likevel eig eg ei tru:
Ønske eg berre så sterkt eg kan,
så kanskje det skjer – det som ikkje går an:

Ja, la meg få bli i sommarn’
nyte kver time eg fekk,
så skal eg takke når frosten kjem,
førr døgnan og dagan som gjekk.

 

Alt vi har fått skal bli tatt oss ifrå,
hausten gjer ingen kreditt.
Det som fekk blomstre på stelk og strå,
frøes og fell og skal snart førrgå:

Så la meg få bli i sommarn’,
men står eg igjen når han dreg,
då søke eg varmen hos deg, min venn,
så sommarn’ kan leve i meg.

 

Dikt fra
Helge Stangnes –

Foto: Solliv – motiv fra Platanias

 

 

venner! – nyt kvelden…

12 kommentarer

Siste innlegg